Heia!

Jøss, er du like imponert som eg er no?! Uansett kva du måtte meine: dette er den fyrste heimesida mi - er eg ikkje flink?!


Fine, gåtefulle lenker . . .

SVs røde surfebrett:
Endre Verden (med SV)!:
Hundremeterskogen:
Nicaragua:
Litteratunettet:

Då har eg fått både den fyrste helsinga og dei viktigaste lenkene på plass, så då er det vel berre å forklare konteksten (det er eit fint ord for 'samanheng'). Den fengande tittelen på sida mi saman med lenkene skulle vel ymte om at eg er sosialist av legning. Ein del av vennene mine er sikkert ikkje så glade for at eg har via sosialismen så stor merksemd her og no, men det får dei berre finne seg i. Eg håpar at du tar deg tid til å utforske lenkene, for det er verkeleg fine sider. Så skader det ikkje om du kjem deg opp av sofen til hausten og plukkar den rette stemmesettelen . . . Eg er for tida einerådande diktator i Nordland Sosialistisk Ungdom, og om du synest at sosialisme er kult og verdt kjempe for, skadar det heller ikkje om du spanderer 30,- på eit medlemskap i SU. Det var dagens reklame!


Åsa Elvik

aelvik@online.no
Veggemoa
8476 EIDET
(Bø i Vesterålen), Nordland
Norway