Tekstleg omtale 

 Klikk norsk startside   Aarseth Hytter (No)   

  Klicken für die Deutsche Startseite   Aarseth Hytter (De)  

   Click for the English start page  Aarseth Hytter (En)  

  Klikk for å sjå på besøksstatistikk

        

  

Aktivitetar
Kultur
Museum
Dagsturar
Om bygda
Kvar
Bilete
Tekstleg omtale
Beskrivelse. Prisar.
Bestilling. Kontakt.

 

 

 

Årseth Hytter
Jølster,   Sogn og Fjordane

Hytter og rom i gardstun

Garden Øvre Årseth der Årseth Hytter held til, ligg høgt oppe i lia over Vassenden med flott utsikt over dalen og Jølstravatnet.  Mange vil gjerne seie at dette er nok - med denne utsikta, om dei er heldige med veret, trengst ikkje meir.  Å rusle rundt på garden og i nærterrenget er nok for einheil ferie.

Men her er meir.  Distriktet byr på eit overrskande mangfald av gode og varierte tilbud.

Aktivitetar

Frå lang tid tilbake har Jølstravatnet og elvane i dalføret vore kjende for dei svært gode høva til aurefiske.  Nederst i Jølstra er det også eit godt laksefiske.  

I nyare tid har dei store vassdraga i kommunen fått renommé for svært gode raftingtilhøve.  Den fossande Jølstra ser ein frå gardstunet nede i dalbotnen, ein frisk spasertur rett ned lia.  I den andre enden av bygda fossar Stardalselva med varierte raftingsmulgheiter av vanskegradar.  Turen til Stardalen er unnagjort på under ein time. 

Ein mindre dramatisk aktivitet er enkelt friluftliv og turar som det er rikeleg høve til i nærområdet.  Ein serleg interssant tur i variert terreng er Mostien, ein oppmerka turstig der ein finn rikeleg med  naturinformasjon om distriktet plassert ved postar langs stigen.  

Ein godt skjult løyndom er høvet til vinteraktivitetar.  Om ein vil kan ein spenne på seg skiene i gardstunet og renne ned lia frå Årseth Hytter til Jølster Skisenter. eller ein kan nyte snøsikkert turterreng i Dvergsdalsdalen eller Årdalen, sidedalar ein kort køretur austover langs Jølstravatnet.

"Bønder spelar ikkje tennis"  sa Herbjørn Sørebø.  Mange reknar vel heller ikkje med at bønder spelar golf heller.  Men bonden på Øvre Årseth og ein av vertane for Årseth Hytter, Leiv Arseth, spelar golf.  Ja faktisk var han saman med grannebonden ein primus motor i opparbeiding av golfbane nokre gode steinkast frå Årseth.  Bana har 9 hol og vert driven av Sunnfjord Golfklubb.

Kultur

--

 

Dagsturar

I Stardalen kan ein også gå breturar.  Skog og mark inviterer til turar på alle kantar.

I Fjærland er det isbremuseum, galleri og historisk museum.  Her kan ein også reise på dagsturar med bil til Sogndal, Selje, Stryn, Florø eller Førde.  

Opp/upwards/aufwärts ] Aktivitetar ] Kultur ] Museum ] Dagsturar ] Om bygda ] Kvar ] Bilete ] [ Tekstleg omtale ] Beskrivelse. Prisar. ] Bestilling. Kontakt. ]

                               
Send email if you have questions about or comments on this website.
Last update: 18.09.2002


Free search engine submission and placement services!